Sogn Vekst AS skal gjennom gode rollemodellar, god arbeidsleiing, god opplæring og lønsam produksjon av varer og tenester, skapa utviklande og varige, trygge arbeidsplassar.
Namnet Vekst har me valt fordi formålet med bedriftene er menneskeleg vekst og utvikling.
Me skal profilera oss med god kundebehandling, og feilfri produksjon av varer og tenester
Truverde, me vil byggja på truverde, tydelegheit, gjensidig respekt, tryggleik og forutsigbarheit
Fellesskap, me vil arbeida for solidaritet, demokrati, lojalitet, med-bestemmelse, engasjement, samarbeid og samhandling, og me gjer kvarandre gode. Me er audmjuke over andres ståstad og kompetanse
Utvikling. me vil arbeida for god sjølvtillit, gode opplevingar, nyskaping, endringskompetanse, sunn økonomi, fleksibilitet, smidigheit, og byggja vidare på det som me allereie har
Storsinn, me vil arbeida for romslegheit, likeverd, varme, humor, glede, annerkjennelse og møta menneske der dei er