Dagsentertilbod er til deg over 18 år som ikkje har andre aktivitetstilbod på dagtid, som til dømes vidaregåande skule, arbeid eller tilpassa aktivitet i eigen bustad.
Det er eit mål at alle personar med utviklingshemming skal ha tilbod om meiningsfulle aktivitetar. Eit tilpassa tilbod på dagtid bidreg til ein aktiv og meiningsfylt kvardag i fellesskap med andre.